17. mai 2020 i Hølen

Det blir 17. mai-feiring i Hølen i år og! Til trass for at me ikkje kan feira saman med tog frå Hølen skule og gjennom Hølen, talar, kaffi og kaker på skuleplassen, så blir det feiring i år akkurat som alle andre år. 

Feiringa av Grunnlovsdagen let seg ikkje stoppa

Program 17. mai 2020 i Hølen

08.00 Flaggheising

08.00 Salutt ved Arne Båserud

10.00 Tale for dagen av Marita Kristiansen blir streama på Facebook i gruppa Hølen i Vestby kommune.

10.00 Barnas tale

12.30 Soon Automobil Club køyrer bilkortesje frå eldresenteret i Son. 

Køyrerute: Eldresenteret i Son – Fjellstadbakken – Son sentrum – Elveveien gjennom kyllingfarmen – Store Strandgate – Skøienparken – Vestby Sykehjem – Hvitsten – Son

13.00 “Ja vi elsker” – felles synging av nasjonalsangen for alle i Noreg

13.00 Salutt frå festningsverka i Noreg

14.15 Såner Skolekorps spelar på skuleplassen 

Det er viktig å oppretthalda dei gode smittevernvanane du har lagt deg til i løpet av dei siste månadane.

Hugs god handhygiene og hald avstand.

Alle arrangement skjer utan publikum tilstades. Men det er nok ingenting i vegen for å leggja sundagsturen forbi Hølen skule klokka 14.15. Men hugs avstand

Kafe på 17. mai er eit viktig tilskot til klassekassa/leirskule for klassane på Hølen skule. I år kan det diverre ikkje arrangerast fysisk kafe på skuleplassen, så 17. mai-komiteen inviterer til digital kafe.

Digital kiosk på 17. mai
Fotograf Kjell Jøran Hansen
Fotograf Kjell Jøran Hansen