17. mai i Hølen 2021

Det blir nok eit år med annleis 17. mai i Hølen. Men feiring blir det uansett! Det blir salutt, tale og Såner Skolekorps spelar. Det blir kaffi og kaker og is i massevis (hugs å fyll opp fryseboksen heime).

Årets 17. mai-komite har sett saman programmet og ordna med digital kiosk. Oppmodar alle til å kjøpa ein kaffi og eit kakestykke og ein is. 

Barnas tale kan sjåast på YouTube frå klokka 09.00 

Dagens tale kan sjåast på YouTube frå klokka 12.45

Det kan lesast om 17. mai i Vestby kommune på kommunen sine nettsider.

Programmet og menyen for Hølen kan lastast ned som pdf.