Arbeid i Skøienparken

Hølen og Såner vel har sett i gang eit nytt parkprosjekt i Skøienparken. Den eksisternade plena skal gravast opp og jorda frå høgda sør-aust for amfiet skal flyttast ned i parken i tillegg til at ny jord skal køyrast på.

Gravearbeidet tek til i veke 16. Når gravinga er ferdig er det klart for resten av arbeidet. Det skal støypast nytt fundament til ny og høgare flaggstang så den sjarmerande skeive flaggstanga vert bytta ut. Det blir ny plen og i området kor jorda vart fjerna skal det koma eit platå med fast dekke og kantsteinar av same type som rundt plenen. Velet ser og på mulighetane til å få nye utemøblar i Skøienparken.