Gatefest i Hølen!

Skuleferien har starta og for å markere dette har velet no starta det som skal bli ein årviss tradisjon: GATEFEST!

Fleire stader i Hølen samlast nye og gamle naboar til hyggeleg samver. Her skal ein samlast til grill og god prat, slappa av og gle seg over at det no er sommar og at på sundag startar Sånafest.

Ta med grillmat og drikke, stol og bord og lag langbord.

Det blir fest 22. august i Brandstadkollen klokka 18 og nederst i Store Strandgate klokka 18. Kom på ein av desse eller slå deg saman med naboane og lag din eigen. Det aller viktigast er hygge og samver.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *