Har du kontroll på hagerømlingen?

Er du klar over korleis hageavfall skal kastast på forsvarleg måte? Det er nemleg ikkje alt som skal i komposten.

Hagelupin er ein av dei plantene som lett sprer seg i naturen og skapar problem. Me er mange her i Hølen som har dei i hagen, og så lenge dei står i hagen så er dei harmlause. Som hageeigarar har me eit ekstra ansvar for å passa på at dei held seg der dei skal. Etter bløming set hagelupin frø og ei enkelt plante kan produsere hundrevis av frø. Dei fleste fell ned på bakken i nærleiken av morplanta og blir i lita grad spreidd utover. Unntaket her er med flytting av jordmassar. Lupinfrø har lang haldbarhet og kan liggja i jorda i meir enn 50 år utan å mista spireevna. For å unngå at dei sprer seg uhemma er det viktig å redusera muligheten dei har for å spre seg. Det kan enklast gjerast ved å klippa av blomehovudet etter at bløminga er ferdig og kasta dette i restavfallet. Det skal ikkje i komposten. Større mengder hagelupin skal leverast til godkjent mottak, ikkje dumpast i skråninga bak huset eller ute i skogen. Hos MOVAR skal hageavfall frå svartelista artar (inkludert lupin) leverast i container merka «Brennbart restavfall», anten på Solgård eller i Vestby.

KVIFOR LUPINEN BLIR EIT PROBLEM

Blada dekker bakken slik at lavare planter ikkje kan veksa, men det største problemet er at han øydelegg dei naturlege vekstforholda for markblomar/slåtteengplanter i såkalla skrotmark, til dømes vegskråningar. Dette er planter som veks i skrinn jord men som forsvinn når næringsinnhaldet i jorda vert endra. Lupinen høyrer til erteplantefamilien og lev i symbiose med nitratproduserande bakteriar (Bradyrhizobium sp). Desse bind nitrogen frå lufta til nitrat (NO3) og dannar knollar på lupinrøtene. Lupinen nyttar nitratet frå knollane, men dette vil òg sige ut i jorda og vera tilgjengeleg for andre planter. Når jordsmonnet vert endra på denne måten, får lupinen enno betre forhold og slåtteengplantene vert fullstendig utkonkurrert.

VÅR INNSATS = BETRE NATURMANGFALD

Me kan alle gjera ein innsats når det gjeld naturmangfaldet. Det aller enklaste er å hindra spreiinga av dei svartelista artane. Dei er ikkje forbodne å ha i hagen men det er er ikkje lov å selgja eller gje dei vekk lenger. Det vil sei at nyplanting av hagelupin og andre svartelista artar er forbode. Vidare kan me felles gjera ein innsats for å fjerna dei som allereie har spreidd seg ut av hagane og lev sitt eige liv i vegkantar og fellesareal. Tidleg i sesongen (siste del av mai og tidleg i juni) er det bare å dra opp/spa vekk plantene. Og så gjenta dette ein gong seinare på sommaren for å fjerna det som har spirt i løpet av sommaren. Ein langvaret prosess, men til slutt vil ein få redusert bestanden av rømlingar.

SVARTELISTA ARTAR – eit lite utval som finst i Hølen

Hagelupin
Gravmyrt
Vinterkarse
Kjempespringfrø
Platanlønn

VESTBY KOMMUNE – HANDLINGSPLAN 2017-20

Vestby kommune har utarbeida ein handlingsplan for bekjempelse av framande artar i kommunen. Kommunen har valt å setja fokus på dei artane som utgjere det største problemet, nemleg kjempebjørnekjeks, kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose.

MEIR INFORMASJON

Hagerømlinger – Fra prydplanter til svartelisteplanter (pdf);  Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Mattilsynet og Hageselskapet
Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012 (pdf); Artsdatabanken
Faktaark for fremmede arter; Artsdatabanken
Bekjempelse av fremmede arter; Vestby kommune

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *