Hølen og Såner vel informerer

HØLEN OG SÅNER VEL TRENG DEG

Hølen og Såner vel vart stifta i 1957 og er ein godt etablert velforening som spelar ei viktig rolle i samfunnslivet i Hølen.Ved å stå som medlem i velet gir du foreninga større gjennomslagskraft i saker som er berører innbyggarane. Velet er og heilt avhengige av medlemsinntektene for å kunna arrangera tilstellingar som julegateopning, hellige tre kongersfeiring og haustfest.

Informasjonsbrosjyra som vert delt ut

Hølen og Såner vel startar no ein vervekampanje. Me har planar om å snakka med flest mogleg av innbyggarane i Hølen og Såner og vil i tida framover banke på dører. Me vil informera om kva velet jobbar med samt høyre kva innbyggarane i Hølen har å sei og håper å bli tatt godt i mot. 

Brosjyra kan lastast ned ved å trykka på biletet.

Natur og kultur

Naturen kring Hølen innbyr til turar og hygge både om sommaren og vinteren. Hølen og Såner vel har fokus på at naturen skal vera tilgjengeleg for dei fleste.

  • Me har merka og skilta stiar i og rundt Knapstadskogen
  • Me har rydda og merka stiar til gapahuken i Karderårsen
  • Me jobbar med rydding og merking av fleire stiar
  • Me jobbar med kulturminnene og fornminnene i Hølen

Trafikksikring

Alle born og vaksne har rett til å ferdast trygt i trafikken

  • Me har fått seinka farten på innfartsvegane til Hølen
  • Me har fått Vestby kommune til å prioritera gang- og sykkelveg langs Høbølveien
  • Me jobbar for å få redusert tungtrafikk og støy på Osloveien
  • Me jobbar for ein trygg skuleveg for alle som høyrer til Hølen skulekrins
  • Saman med FAU ved Hølen skole har me starta ein trafikksikkerhetskampanje i samband med skulestart

Jernbanebrua

Hølen og Såner vel har jobba aktivt for at Hølenviadukten skal takast vare på og setjast i stand for å kunna nyttast som gang og sykkelveg. Det er jobba opp mot mellom anna politisk og administrativ leiing i kommunen, BaneNor og vernemyndigheter.

Langsiktig arbeid og stort pågangsmot har ført fram. BaneNor vil restaurera Hølenviadukten og Vestby kommune er imøtekommande med å finna ei løysing til eigarsida av brua.

Fest og moro

Skøienparken er Hølen sin eigen feststad! Her er det julegateopning og Hellige tre kongersfeiringa. Leikeplass og samlingsstad Hølen sine innbyggarar er aktive brukarar av parken og og stiller villig opp til vårdugnad og bidrar med dette til å gjera parken til Hølen og Såner vel sin flottaste eigedom

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *