Innkalling til årsmøte for Hølen og Såner vel 13. feb 2020

Hølen og Såner vel kallar inn til årsmøte i Hølen og Såner vel 13. februar 2020 klokka 19.00. Møtet vil bli holdt på Hølen Kafe.  

Frista for å senda inn saker til Årsmøtet er 30. januar og kan sendast på epost til leiar Even Fyhri; evenfyhri@gmail.com. Eller i posten til Even Fyhri, Store Strandgate 5, 1550 Hølen.

Årsmøtet er ope for alle medlemmer i Hølen og Såner vel, og alle medlemmer er velkomne til å senda inn saker til årsmøtet.

Saksliste

  1. Konstituering
    * Val av møteleiar
    * Val av referent
    * Val av protokollunderskrivarar (2 stk)
    * Registrering av oppmøte
    * Godkjenning av saksliste og innkalling

  2. Årsberetning for 2019

  3. Revidert rekneskap for 2019

  4. Innkomne saker

  5. Val av styre, valkomite og revisor

Endeleg innkalling med innkomne saker vert lagt ut når frista for innsending er ute 30. januar 2020.