Julegateåpning 2020

Hølen og Såner vel inviterer til digital tenning av Julegrana i Skøienparken!

Ikkje eingong ein pandemi kan stoppa tradisjonane i Hølen. Det blir sjølvsagt julegateåpning i 2020 og i år med ein utradisjonell vri. Heile arrangementet skjer utan publikum til stades og blir strømma direkte via YouTube

Illustrert invitasjon til julegateåpning, grønt juletre på blå bakgrunn

Sjølv om det blir eit enkelt arrangementet skal det ikkje mangla noko. Det blir som alle andre år musikalske og kunsteriske innslag før lysa på Julegrana og i julegata blir tent. Det blir heller ikkje julemarknad i år, men velet vil oppfordra til kjøp av lokalproduserte gåver som til dømes Hønning frå Hølens eigne bier, kjøttprodukt frå Grorud Gård, Holm Søndre eller Dahl Gård, eller smågåver frå Skøiens Eftf Hølen Handel. 

For mange av dei små (og nokre av oss store) så er det viktigaste innslaget hest og kjerre samt godteposar frå nissen. Ta det heilt med ro, det blir begge delar i år og. Nissen skal reisa rundt i Hølen og dela ut godteposar der borna bur.

 

Illustrasjon av nisse som køyrer med hest og slede

Nissen sine reinsdyr står i innreisekarantene, men det er ordna med alternativ transport i Hølen. Han startar turen i ved Skøienparken og tar turen rundt Kulpa, opp til Hølen skule, Molvikveien til barnehagen og Noras Hage, og nordover langs Bruerveien. Ein sving innom HIK-huset for å få med alle i nordre del av Bruerveien og Brandstadkollen, gjennom Drømkollveien og ned til Dronningveien og tilbake til Skøienparken.

Nissen håper det er mange glade born langs ruta – gjerne med nissehuer på. 

Hølen og Såner vel minner samstundes på at alle må hugsa å halda god avstand til dei rundt seg.

Heile arrangementet blir strømma på Hølen og Såner vel sin kanal på YouTube