Julegateopning 1. desember 2018

01. desember klokka 16 er det klart for opning av julegata og tenning av juletreet i Skøienparken.

Hølen og Såner vel inviterer til tenning av juletreet og opning av julegata! Det blir ein ettermiddag med sang, musikk og hygge. Det blir hest og kjerre frå klokka er 15.30 og under heile arrangementet. Velet spanderer gløgg og pepperkaker til alle som vil ha. Og ikkje minst blir det utdeling av nisseposar til alle borna.

Hølenkoret og Frem fra glemselen står for dei musikalske innslaga.

Hugs at det blir sal av julenek til 50 kr stykket. Eller slå til og kjøpt tre for 100 kroner. Velet har VIPPS så det er ikkje naudsynt med kontantar.

Velkomen

Rykta skal ha det til at ein av narrane har lura kongen sin opp i stry (det er vel slikt narrar skal gjera) og han er på veg til Hølen allereie no.

Kanskje kommer Kongen… 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *