Ny klopp over Muggestadbekken

Muggestadbekken er gyteområde for aure og det skal no ryddast og gjera området meir tilgjengeleg for både fisk og gåande langs bekken.

Muggestadbekken er eit viktig innslag i nærmiljøet i Hølen og er mellom anna gyteområde for aure. Området langs bekken blir brukt av både Hølen Skole i undervisninga og av ivrige turgåarar i alle aldre. Saman med grunneigarar og andre interesserte ynskjer Hølen og Såner vel å ta vare på bekken. 

Stigruppa i Hølen og Såner vel har jobba med å tilretteleggje ein klopp over Muggestadbekken rett over utløpet til Såna. Og i samband med dette har me sett at det er ein del nedfallsskog og søppel i bekkeløpet.

 

Bru over ein bekk med sitteplassar
Klopp over Muggbekken og sitjeplassar. Foto: Bjørn Ravnestad
Bru over ein bekk i skogen
Klopp over Muggbekken. Foto: Bjørn Ravnestad

15. mai 2020 gjennomførte stigruppa synfaring i bekken saman med miljøkoordinator Ragnar Nese i Vestby kommune for å sjå kva ein kan gjera for å forbetra forholda for fisk i bekken. Nedfallsskog som hindrar fisken å vandra oppover bekken påverkar også gytinga og bestanden av fisk. Synfaringa resulterte i fleire konkrete innspel som Hølen og Såner vel vil følgja opp. Mellom anna vil det bli tatt initiativ til ein dugnad for å rydda søppel og fjerna “vandringshinder” i bekken.

Muggestadbekken inngår i Hølensvassdraget som har mange utfordringar på vasskvalitet som resultat av mellom anna utslepp og erosjon. 

Hølensvassdraget er del av Morsa saman med Vansjø og Hobølvassdraget, les om Morsa her.

Miljøkoordinator Ragnar Nese fra Vestby kommune til venstre og Bjørn Ravnestad fra stigruppa til Hølen og Såner Vel. Fotograf Tommy Johansen
Miljøkoordinator Ragnar Nese fra Vestby kommune til venstre og Bjørn Ravnestad fra stigruppa til Hølen og Såner Vel. Fotograf Tommy Johansen