Ødemørk naturreservat er oppretta

Ødemørk naturreservat vart oppretta 27. november 2020. Skogen kring Ødemørk er eit viktig område for friluftsliv og no har dette området blitt sikra for komande generasjonar. Naturreservatet er 2719,7 dekar og grensar i aust til Ishavet naturreservat og i sør til Moss kommune.

Fastsett ved kongelig resolusjon 27. november 2020 med hjemmel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremma av Klima- og miljødepartementet.

Ødemørk naturreservat er (desverre) ikkje innafor Hølen og Såner vel sitt geografiske område. Men området er såpass mykje brukt av hørningar at velet ser på det som eit viktig tilleggsareal til området vårt. Verning av denne skogen vil vera viktig for komande generasjonar hørningar.

Frivillig vern av området

Oppretting av Ødemørk naturreservat har kome til gjennom ordninga frivillig vern kor grunneigar Vestby kommune har fått ein kompensasjon frå staten på 21 millionar kroner. 

Kommunestyret vedtok 7. september at de 21 millioner kronene skal settes inn på et fond. Midlene skal brukes de neste 20-25 årene, og midlene øremerkes tiltak for naturforvaltning, friluftsliv og folkehelse i Vestby kommune.

Vestby kommune

Friluftsliv rundt Ødemørkstua

Ødemørk naturreservat er er mykje brukt friluftsområde og er kjent for ØdemørkstuaEventyrstien og som startpunkt for turar til Skihytta i Moss. Sommaren 2020 gjekk det Dexter-fe på beite ved Ødemørkstua, og tidlegare har det gått gamalnorsk spælsau. Det er sett opp grillhytte ved Ødemørkstua som alle kan nytta seg av i tillegg til fleire bålpanner. Bål og pause på Ødemørkstua er ein fin avslutning på ein tur på Eventyrstien. Dette er ein 4 km lang rundtur som går i variert skog og terreng. Det er og ei lang rekke andre muligheter i området for turar til fots, sykkel eller ski. 

Forum for natur og friluftsliv Vestby (no desverre nedlagt) har laga 20 turvideoar. Ta ein kikk på den frå Eventyrstien.

Naturreservat er den strengaste forma for områdevern etter naturmangfaldslova. Dette er områder som inneheld trua, sjelden eller sårbar natur, representerer ein bestemt naturtype, har ein særleg verdi for biologisk mangfald, utgjere ein spesiell geologisk førekomst, eller har ein særskilt naturvitskapleg verdi.

Kjelde: Miljødirektoratet

Verneformål

Formålet med oppretting av naturreservatet er å bevara eit større samanhengande område lågareliggande og høgproduktiv barskog. Mykje av skogen som er i området rundt Ødemørk er eldre og kun påverka av plukkhogst. Spreidt rundt i området finst verdfulle innslag av middelaldrande og eldre osp, og denne har byrja danna ein del død ved.

Dei høgproduktive delane av området representerer ein skogtype som er sjeldan i Noreg på grunn av storstilt oppdyrking av denne typen areal.

Vil oppretting av naturreservatet påverka bruken av området?

Opprettinga av Ødemørk naturreservat er for å bevara barskogen og samstundes sikra området slik at framtidige generasjonar kan bruka det til friluftsliv. 

Bruken av Ødemørk naturreservat er regulert i Forskrift om vern av Ødemørk naturreservat, Vestby kommune, Viken. Dei viktigaste punkta er lista her, men les heile forskrifta dersom det er noko spesielt du lurer på. Det er alltid forskrifta som vil vera gjeldande dersom endringar skjer.

  • All vegetasjon, inkludert døde buskar og tre, er verna mot skade og øydeleggjing. Det er ikkje lov å plukka nedfalls til bålbrenning, men det er framleis lov å brenna bål med medbrakt ved i samsvar med gjeldande regelverk.
  • Det er ikkje lov å fjerna planter eller sopp, inkludert lav, frå naturreservatet men plukking av bær og matsopp er fullt lovleg.
  • Jakt, fangst og fiske er lov i samsvar med gjeldande regelverk.
  • Bruk av sykkel og hest er lov på vei og sti. 
  • Vedlikehald og merking av eksisterande stiar, vegar og løyper skal gjerast men det er ikkje lov å oppretta nye.
  • Det er ikkje lov med bruk av motoriserte køyretøy, men unntak finst for uttransportering av skada/sjuk bufe, vilt eller oppkøyring av skiløyper.
Kart over verneområdet med traktorvei, skiløyper og sti jamfør verneforskrifta kan lastast ned som pdf frå Miljødirektoratet
Kart som viser Ødemørk naturreservat
Kart over Ødemørk naturreservat. I aust grenser det til det eksisterande Ishavet naturreservat
Geologien kort oppsummert
Heile Ødemørk naturreservat låg i si tid under marin grense, det vil sei under havoverflata ved slutten av siste istid. Berggrunnen består av ulike gneisvariantar med diorittisk til granittisk gneis i nord og aust og granittisk augegneis i sør og vest. Omlag 70% av området er i dag dekka av eit tynt humusdekke og bart fjell, medan resten er dekka av tynne hav- og strandavsetjingar eller torv og myr.
Skog og vegetasjon
Dei ulike vegetasjonstypane i området er i stor grad definert ut frå topografien i området. Landskapet er svakt kupert og dominert av furuskog på kollane og granskog i overgangen til sumpskog og myr i forseinkingar. Det dominerande treslaget er furu med ein del bjørk, gran, osp, rogn og enkelte trollhegg og eik. Botnvegetasjonen og lågare buskar varierer på same måte som treslaga mellom det som er på kollane og i sumpskog og myrer. På kollane er det dominert av etasje- og storbjørnmose og blåbær medan sumpskog og myr er dominert av lyssiv, storbjørnemose, stjernestarr og hengeving.
Artsmangfald
Artsmangfaldet i Ødemørk naturreservat er vurdert som relativt fattig og lite variert. Det er få påviste raudlista artar og lite sansynleg for at fleire skal påvisast. I tillegg til hjortedyra elg og rådyr, er det er bever i Burumbekken og området er viktig for holerugande fuglar som mellom anna hakkespettar, meisefuglar og ugler. Det er og ein salamanderdam med storsalamander i området. Artar som er nemnt i Miljødirektoratet sitt faktaark kan lesast meir om her.

Gubbeskjegg (Alectoria sarmentosa) er ein lavart som er lista som nær trua i Artsdatabanken

Lungenever (Lombaria pulmonaria) er ein lavart som er lista som livskraftig i Artsdatabanken.

Kvit vedkorallsopp (Lentaria epichnoa) er ein soppart som veks hovudsakleg i gamal ospeskog er lista som nær trua på Artsdatabanken

Stor ospeeldkjuke (Phellinus populicola) er ein soppart som veks på osp og er lista som livskraftig i Artsdatabanken.

Bever (Castor fiber) er lista som livskraftig i Artsdatabanken

Storsalamander (Triturus cristatus) ynglar i kulturlandskapsdammar og gode myrvatnslokalitetar og er lista som nær trua i Artsdatabanken