Trafikk og framkommelighet
Det er skilta med vegarbeid og smalare veg i Store Strandgate og trafikken går som normalt. Det vert heller inga omkøyring når arbeidet flyttar over i Lille Strandgate. Når kjeglemuren i Lille Strandgate skal restaurerast, vert folk oppmoda om å køyra gjennom Store Strandgate til og frå eigedomane sine. Trappa frå jernbanelinja og ned til kafeen er stengt i perioden fram til veke 24. Stien ved sida av er open og folk må vera merksame når dei går her.
Informasjon til og kontakt med publikum
Før informasjonsmøtet sendte Bane NOR ut SMS-varsling til dei som bur rundt sentrum. Dei vart oppmoda om heller å senda ut SMS-varslingar til alle som har postnummer 1550 for å kunna nå flest mogleg. Kjell Olav Lundberg er kontaktperson mellom hørningar og Bane NOR, BMO Entrepenør AS og byråkratiet generelt i samband med rehabiliteringa. Han kan kontaktast på telefon 916 59 586 dersom han ikkje er å finna i Hølen.
Open dag
Bane NOR planlegg saman med BMO Entrepenør AS om å arrangera ein open dag på brua slik at interesserte hørningar får sett arbeidet og brua på nært hald. Dato for eit eventuelt arrangement kjem seinare.