Skøiens Eftf. skal leve vidare

Skøiens Eftf

Den tradisjonsrike butikken i Hølen står i fare. No er det innsats frå fellesskapet som skal redda han.

Det har vore butikkdrift i Røttergården i Hølen sidan 1850-talet og det skal det fortsatt vera. Janne Carlsen satsar vidare med drift av Skøiens Eftf. og har kronerulling gåande for å kunna kjøpa seg inn i Nærbutikken. Lavare innkjøpsprisar og betre vareutval samstundes som Skøiens Eft vil kunna driva som lokalbutikk med eigne varer, vil gje eit betre butikktilbod for oss i Hølen.

Det manglar 40000 kroner før Janne kan skriva kontrakt med Nærbutikken. Fellesskapet og dugnad står sterkt i Hølen og no skal me saman samla inn siste rest.

Hølen og Såner vel har bevilga inntil 20000 kr (tjue tusen!) for å sikra vidare drift. Det betyr at dei som har gløymt å bidra på innsamlinga no har ein siste sjanse. Det betyr òg at alle me som har gitt før, opnar lommeboka nok ein gong og gir litt til. Eller tar ut mobilen og vippsar over litt penger.

Vipps: 92268782
Kontonummer: 6206 08 95177

Frist: Laurdag 18. juni  2017

One Response to Skøiens Eftf. skal leve vidare

  1. Tom Handeland sier:

    Hei kan dere kjøpe lastebil til meg å da for jeg har ikke råd til de da. Så har dere ikke råd til å drive butikk så er de bare å legge ned???

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *