Trygg og sunn skolevei

Skulevegen skal vera trygg for både gåande og syklande. Den største fara mot dette er oss voksne. Foreldra.

Hølen og Såner Vel (HSV) har i lang tid jobba for å betra trafikksituasjonen i Hølen.  HSV og Vestby kommune hadde eit møte i mai 2017 kor tema var trafikksikkerhet kor grunnlaget for diskusjon var handlingsplanen for trafikksikkeret (2014).  Eit av dei konkrete forslaga frå kommunen i samband med dette møtet var at HSV saman med foreldrearbeidsutvalget (FAU) ved Hølen Skole skulle jobba med ein haldningskampanje.

Ny skule i Hølen saman med auka tilflytting gjev mange born i trafikkbiletet. Spesielt i tidrommet før skulestart og etter skuleslutt, vil det vera mange born som skal til og frå skulen.

Det er fleire vegar å ta for å koma til Hølen Skole. Felles for dei alle er at fartsgrensa er 30 km/t, at dei er smale og at det er ei blanding av køyrande, gåande og syklande her. Fortau er det kun langs delar av Dronningveien og delar av Store Strandgate. Ei av målsetjingane til kampanjen Trygg og sunn skolevei er å få færrast mogleg foreldre til å køyra borna sine til skulen. Skal dei sitja på med foreldre på veg til jobb, så er det enklast og best å sleppa dei av ved Hølen Torg eller i krysset Bruerveien/Noras Hage/Steinbruddveien. Jo færre foreldre som køyrer borna sine til skulen, jo færre farlege situasjonar vil ein få ved skulen, langs Molvikveien eller i Elverhøyveien.

Ved å la borna gå eller sykle til skulen, vil óg det sosiale mellom borna styrkast. Born som går og syklar til skulen har generelt større aktivitetsnivå enn dei som vert køyrt. I lokalmiljø kor det vert lagt til rette for aktiv transport til skulen vil óg ungdom og yngre vaksne lettare velgja dette når dei skal frå A til B [1,2].

Ola Sandvig Pettersen har hatt jobben med å koordinera dette på vegne av HSV, FAU og Hølen Skole og skal ha ein stor takk frå Velet for det. Hølen gjere no ein solid innsats for å endra våre eigne haldningar og respekt for fartsgrenser og kommunen har difor vore lydhøyre og velvillige i møte med ønska våre. Vestby kommune har sett opp fartsmålarar på alle innfartsårene til Hølen slik at me som køyrer bil her vert bevisst vårt eige val når det gjeld fartsgrenser.

30 km/t er den gjeldande fartsgrensa i heile Hølen. Når ein fyrsteklassing klarar 24 km/t på flata i Bruerveien så seier det seg sjølv at det skal ikkje så mykje til før bilane er over 30 km/t. Her er HSV, FAU og Hølen Skole heilt klinkande klare: Fartsgrensene må respekterast. 30 km/t er ikkje rettleiande. Hølen er eit aktivt lokalsamfunn kor små og store er ute. Born leikar eller dei er på veg til og frå skule og fritidsaktivitetar. Slik skal det vera og bilistar skal ta hensyn til dette.

Fartsmåling i Bruerveien.

Trygg og Sunn skolevei har laga ei brosjyre om kampanjen. Last ho ned her (pdf)

[1]McMillan TE. Walking and Biking to School, Physical Activity, and Health Outcomes. A Research Brief. Princeton, NJ: Active Living Research, a National Program of the Robert Wood Johnson Foundation. May 2009. Available from www.activelivingresearch.org. (pdf tilgjengeleg)

[2] Martínez-Gómez D, Ruiz JR, Gómez-Martínez S, Chillón P, Rey-López JP, Díaz LE, Castillo R, Veiga OL, Marcos A, AVENA Study Group. Active Commuting to School and Cognitive Performance in AdolescentsThe AVENA StudyArch Pediatr Adolesc Med. 2011;165(4):300–305. doi:10.1001/archpediatrics.2010.244 (pdf tilgjengeleg)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *