TV-aksjonen 2017 – Bli bøsseberar

22. oktober er dagen for årets viktigaste dugnad, nemleg TV-aksjonen.

TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEF sitt arbeid for å gje utdanning til born ramma av krig og konflikt.

Heile eitt av fem born born i krigs- og konfliktområder står i dag utan skulegong og UNICEF jobbar hardt og målretta for at born ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av vaksne sine krigar og konfliktar. TV-aksjonen 2017 skal gje utdanning til born i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

Hørningar og såningar er engasjerte og tek ein dugnad på strak arm. No trengst det at me mobiliserer og går frå dør til dør for å sørga for skulegong til born i krig og konflikt!

Bli med som bøsseberar og registrer deg på UNICEF TV-aksjonen. Kryss av for Hølen/Såner, fyll ut namn, adresse, epost og telefon og send inn. Oppmøte er på Hølen Torg klokka 15.45 og mellom 16 og 18 er det klart for den viktigaste ettermiddagsturen i løpet av året.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *