Vårdugnad 6. mai klokka 10.00

Endeleg er dagen her. Dagen alle har venta på. Dagen som er det største høgdepunktet på våren. Ikkje 1. mai. Ikkje 17. mai. Ikkje siste skuledag før sommarferien. Men dagen for Vårdugnad.

I år er det laurdag 6. mai som er den store dagen. Oppmøte er klokka 10.00 på torget og det varer nokre timar.

Ta med hagereiskap, arbeidslyst og godt humør. Saman skal me gjera ein innsats for å få det fint til 17. mai. Her er bruk for både dei som jobbar hardt og dei som er dyktige på moralsk støtte – altså alle.

Nyttige hagereiskap er ikkje minst hanskar, raker, hekkesaks, beskjeringssaks, men og krafser og ugrasjern.

Etter dugnaden er det er det vafler og drikke på kafeen – donert av  fantastiske Anne og Knut til dugnadsfolket.

Årskontingenten for medlemsskap er 300,- per husstand, eller 200,- for pensjonisthusstander. Kontigenten skal betalast inn på konto 7874 05 34350 og merkast med «Medlemsskap» og namn. For alle med smarttelefon og Vipps, så kan kontigenten betalast til Vipps 13882. Hugs å merk med «medlemsskap» og namn. Alle som betalar innan fredag 5. mai er med i trekninga om gåvekort til Hølen kunst- og bokkafé og Roys grill i Vestby

Medlemsskap betalt innan 5. mai er med i trekkinga om gåvekort til Hølen Kunst og Bokkafé samt Roys Grill.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *