Vårdugnad med skattejakt i Skøienparken

4. mai klokka 11.oo

Skøienparken er ein allsidig park med planter, leikeplass, plenområde og steinamfi. Parken er brukt av alle i Hølen – både born og vaksne – så vel som tilreisande og syklistar på tur. Skøienparken er eigd av alle i Hølen med Hølen og Såner vel som formell eigar.

Velet inviterer til vårdugnad laurdag 4. mai klokka 11.

Planlagt arbeid

  • Vask av busskuret
  • Benkar og bord skal oljast
  • Luking bak amfi og mot den gamle petanquebanen
  • Fjerna jord langs eine sida av bøkehekken og leggja på ny
  • Såing av ny plen
  • Rydding i krysset Store Strandgate/Elverhøyveien og Store Strandgate/Bruerbakken
  • Rydding i Skulehage

Ta med utstyr

  • Liten plantespade/hagespade
  • Murerbøtte el.l. til å bera jord i
  • Stor spade til jord
  • Trillebår
  • Rake til plenarbeid
  • Arbeidshanskar
  • Sekatør
  • Arbeidshanskar
  • Godt humør

Viktig melding til alle born!

Kaptein Karoline seilte på dei sju hav før ho gjekk i land for godt. Båten ho seilte med – Jernkvinna – hadde vore utsett for mange slag og kanonkuler og sank på veg inn til Hølen Havn. Vistnok skal ho liggja utafor Sauholmane men ingen har funne ho.


Kaptein Karoline styrte mannskapet med hard hand, og då dei kom i land nekta ho å dela skatten med dei andre. Mange har leita. Styrmann Styr  prøvde til og med å tømma Hølenselva for vatn for å sjå om skatten var gøymt der. Men nei. Og Kaptein Karoline haldt tett. Ingen fekk vita kor skatten var. Karoline døydde og etterkvart slutta folk å leita. Historia om Kaptein Karoline og skatten vart ei myte og folk gløymde ho heilt.

Men så…

Even i velet kom over eit gamalt kart då han rydda i velet sine papir. Ikkje berre eit vanleg kart – eit skattekart. Eit kart over skatten til Kaptein Karoline! Even fekk hjelp til å tolka kartet og det viser seg at skatten er gravd ned under Skøienparken. Og då passar det perfekt med ei skattejakt under dugnaden.